Innlegg

Viser innlegg fra september, 2024

Er jarnbane viktigare enn 20 000 liv?

Skrive 22.05.2017.    Det «umulige» skjedde i USA. Trump vann. Taparane var eliten og media, som begge hadde oversett eller ikkje brydd seg om det som hadde skjett på grasrota over mange tiår: Svært mange av dei vanlege lønstakarane hadde ikkje fått del i den velstandsutviklinga som globaliseringa hadde gjeve til mange, spesielt til dei rike. Grasrota opplevde aukande økonomiske problem, arbeidsløyse og at politikarane oversåg dei. Dei mista von om ei betre framtid. Dei følte at Trump var ein politikar som såg dei og snakka til dei. Han lova dei ei betre framtid. Eg trur ikkje dei stemte på Trump fordi dei trudde på lovnadane hans, men for første gong følte dei at det var ein politikar som såg deira situasjon. Dette forstod ikkje eliten og media, ikkje i USA og ikkje i Norge. Alle var «sjokkert» over resultatet. Det same var «ekspert»-kommentatorane. «Trumps valseier bør oppfattes som et varskorop til andre land», skreiv Aftenposten på leiar plass dagen etter valet. Det ...